Generalforsamling saksliste høst 2015

Generalforsamling for BFU haust 2015, 02.12.2015

Møteleiar: Stein Skoglund Skåtøy
Referent: Marie Hauso

1: Punktvis plan:

  1. Velkommen
  2. Godkjenning av saksliste og saker til eventuelt
  3. Semestermelding
  4. Økonomi
  5. Orientering om BFU og verva som er på val
  6. Val av nytt styre
  7. Visjonar for neste semester
  8. Eventuelt

 

2: Saksliste:

  • Nytt verv, info nedanfor
  • Nytt æresmedlem: Roymond Olsen
  • Endring i statutt angåande arrangement

BFU forseslår endring i statuttane, då med omtanke på tal verv. BFU sitt inneverande styre foreslår å auke talet verv til totalt seks (6) stykk. Målet vert då å splitte arrangementansvarlegvervet i to, og dermed få sosialarrangementansvarleg og faglegarrangementansvarleg. Opprinneleg statutt er som følgjar:

 

Arbeidsoppgåver til ein arrangement-sjef.

Har ansvar for arrangement som til dømes foredrag, festar, spillkveld og andre liknande arrangement. Dette innebære:

  1.     Lage ein plan over kva som må gjerast og kjøpast.
  2.     Sørge for at alt som er på denne planen vert utført. Det vil si: ein skal ikkje gjera alt sjølv. Ein skal kalle sammen arrangementgruppa for så å deligere oppgåver.
  3.     Sørga for at arrangementgruppa rydder etter arrangement.
  4.     På store arrangement har arrangementsjefen ansvar for å kalle saman heile BFU for å rydde.
  5.  Ha eit godt forhold til instituttet, Oddfrid og Beate.

 

Dei nye statuttane vert som følgjar:

 

Arbeidsoppgåver til ein sosialarrangementansvarleg:

Har ansvar for sosiale arrangement, som til dømes fest, spillkveld, hyttetur og anna. Dette vil innebere blant anna:

  1. Laga ein plan kva som må gjerast og kjøpast.
  2. Sørgja for at alt som er på denne planen vert utført. Det vil sei; ein treng ikkje å gjere alt sjølve. Ein kan eller skal kalle saman arrangementgruppa som ein kan delegera oppgåver til.
  3. Sørgja for at arrangementgruppa ryddar etter arrangementet.
  4. Ved store sosiale arrangement har sosialarrangementansvarleg ansvar for å kalle saman friviljuge frå BFU for å rydde og hjelpe til.
  5. Ha eit godt forhold til instituttet, då især leiinga

Arbeidsoppgåver til ein faglegarrangementansvarleg:

Har ansvar for faglege arrangement, som til dømes føredrag eller Sosial Fagdag. Dette vil innebere blant anna:

  1. Laga ein plan kva som må gjerast og kjøpast
  2. Sørgja for at alt som er på denne planen vert utført. Det vil sei; ein treng ikkje å gjere alt sjølve. Ein kan eller skal kalle saman arrangementgruppa som ein kan delegera oppgåver til.
  3. Sørgja for at arrangementgruppa ryddar etter arrangementet.
  4. Ved store faglige arrangement har faglegarrangementansvarleg ansvar for å kalle saman frivillege fra BFU for å rydde og hjelpe til.
  5. Ha eit godt forhold til instituttet, då især leiinga

Tanken med å dele opp vervet i to stykkjar, er for å lette på arbeidsmengda til arrangementsjefen, og for å skape eit nybyrjarverv, eit verv som ikkje er så krevjande å sette seg inn i, og som er godt egna for førsteårsstudentar.

 

Vi vil og nominera Kjell Roymond Olsen som æresmedlem grunna av hans innsats for BFU og hans rolle i å gjere BFU til det utvalet det er i dag.

 

Statuttendring: Vi vil få fastsatt i statuttane at BFU må ha minst to (2) faglege arrangement, to (2) sosiale arrangement og eitt (1) av dei må vera alkoholfritt.

 

3: Semestermelding

 

Dette har vore eit grådig hektisk semester for BFU, med masse bra arrangement. Vi har hatt 4 større arrangement som alle har vore ein stor suksess. Kronologisk hadde vi:

  • Veke 37: Infomøte med quiz, 07.09.15
  • Veke 38: Bli kjend-fest, 18.09.15
  • Veke 39: Tapaskveld, 22.09.15
  • Veke 41: Maskeradeball, 08.10.15
  • Veke 44: Føredrag med Harald Kryvi, 27.10.15. Halloweenfest, 31.10.15
  • Veke 46: Sosial Fagdag (takk til MARIE!), 10.11.15
  • Veke 49: Grautfest, 01.12.15. Generalforsamling

4: Økonomi

Semesteroppgjer, hausten 2015; økonomi

Dette semesteret gjekk BFU med eit overskot, då det har vore fleire inntektskjelder enn utgiftspostar denne hausten.

 

5: Orientering om BFU og om vervane som ein kan stille til

BFU er bindeleddet mellom biologistudentane på bachelornivå ved UiB og instituttet/fakultetet. BFU er en sjølvstendig studentorganisasjon som skal drives på frivillig basis. Oppgåva til BFU er å skapa eit sosialt nettverk for studentane via sosiale og faglige arrangement.

 

Leiar: Overordna ansvar for BFU, og hovudskontaktpersonen

Nestleiar: Leiarens venstre hand. Oppgåvene varier litt etter leiar. Referent ved møter.

Sosialtarrangementansvarleg: Ansvarleg for alt det praktiske ved sosiale arrangement som å bestille inn øl, få tak i rom, skaffe frivillige, rydding osb.

Faglegarrangementansvarleg: Ansvarleg for alt det praktiske ved faglege arrangement som å bestille inn øl, få tak i rom, skaffe frivillige, rydding osb.

PR-ansvarleg: Ansvarleg for PR-en til BFU. Nytta Facebook til å promotere arrangement, laga plakatar til arrangement, drifte Instagram og Twitter-kontoen, samt drifte sida vår, bfu.uib.no. Styremedlemmen får hjelp til desse oppgåva frå frivillige.

Økonomiansvarleg: Ansvar for BFU sin økonomi.

Ein er ikkje låst til rolla si når ein vert vald inn, ein hjelper til der det trengs, og har økonomiansvarleg eit forslag til ein fest, så kan økonomiansvarleg ta styringa for det til dømes. Men du har eit hovudansvar der.

 

6: Val

 

7: Visjonar

Etter suksessen med Sosial Fagdag, rundt 150 stykk som møtte opp, ser BFU for seg at dette kan vera ein årleg tradisjon kvart haustsemester. Elles for kommande semester ser BFU for seg følgjande:

Hyttetur, då anten ved Eidsholmen eller Sporveisfunksjonærenes Hytte

Viddetur

Føredrag, det planeggjast to stykk. Eit om insekt, og gjerne eit om biodiversitet.

Elles er det opp til kommande styre å komme med idear. Døme på idear er:

Fester

Latinkurs

Paintball

Lazertag

Osv…

 

8: Eventuelt:

På eventuelt blei det tatt opp at tal verv måtte endrast i statuttet, og det blei vedtatt til å vera 6 stk.

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *