Nytt semester, nytt styre

Hei!

BFU holdt generalforsamling den 22. januar. Då vart det vedtatt nytt styre; Ida karlsen som leiar, Bård Aarbakke som nestleiar, Kjell Roymond Olsen som arrangement-ansvarleg, Terje Alming som PR-ansvarleg og Øyvind Langnes som økonomi-ansvarleg. I generalforsamlinga vart det vedtatt at BFU-styret skal ikkje ha ein representant frå Fagutvalget for Miljø og Ressursfag (MIRE). Vidare vart det også vedtatt ei mindre ending i statuttane på §5, punkt 3.

Det vart informert om mykje på generalforsamlinga. Blant anna vart budsjettet, karrieredagen 2014, SFU-status, instituttrådet og programstyret informert om.

BFU sin hyttetur vart også nemnt. Den vert arrangert helga 7.-9. mars på kvamskogen i den nye SIB-hytta. Det er kapasitet til 40 personar, og alle som går bachelor i biologi ved UiB er invitert. Meir informasjon om denne finner ein på Miside.

Dersom ein ynskjer meir detaljer kring generalforsamlinga kan ein sende mail til bfu.uib@gmail.com

Vennleg helsing
Ida Karlsen
Leiar, BFU

 

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *