Kva som skjer framover!

Biologisk fagutvalg har hatt ein travel haust hittil. BFU har arrangert fleire vellykka arrangement, til dømes bli-kjent-fest for gamle og nye medlem og eit føredrag om global oppvarming.

Vidare i semesteret er det planlagt mykje kjekt, blant anna eit maskeradeball (19. Okt) og halloweenfest (1. Nov). Maskeradeballet er eit arrangement der BFU er hovudarrangør. Samarbeidspartnarar er nano, heliks, FFt, FU-ii, FFT og MIRE. Arrangementet skal haldast på kvarteret, og er eit av dei større arrangementa BFU har hatt på ei stund. Halloweenfest har vore ein tradisjon i ei årrekkje, og ein satsar på at årens fest blir like bra som dei som har vore føre. I tillegg skal det haldast eit føredrag til (30. Okt); denne gongen om livet som forskar.

Til neste semester er det planlagt hyttetur, fleire føredrag og andre aktivitetar med forskjellig grad av faglige undertonar. Hytteturen (7-9. Mars) går denne gangen til den nye SIB-hytta, med plass til endå fleire.

Med andre ord; det er ei spennande og travel tid i vente!

Med venleg helsing
BFU sitt styre

IMG_2266

 

 

NB! Huks å komme på BFU sin stand på ”på-veg” i dag!

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *