Generalforsamling

Kjære små BFU barn, etter vårleg tradisjon vert det snart Generalforsamling der eit nytt styre for haust 2013 skal velgast. Dette må gjerast før alle forsvinn heim eller inn i seriøst eksamenseri. Ta difor litt tid til å tenke på om du er ei ildsjel, som gjerne kunne hatt ein ansvarspost.
Vår økonomi ansvarleg, og underteiknande Leiar er ferdige i styret etter dette semesteret. Difor treng me minst to nye inn i styret. Ergo, det er stor moglegheit for omrokkeringar i styret, igjen. 🙂

Postane som de kan stille til val i er:

Leiar, no besatt av Tara Helén Dowling
Nestleiar, no besatt av William Erazo Garcia
PR-ansvarleg, no besatt av Arlin Løver
Økonomi ansvarleg, no besatt av Thomas Aga Legøy
Arrangements ansvarleg, no besatt av Ida Karlsen

PR og arrangements ansvarleg har sine tilhøyrande grupper som dei kan styre i eit strengt diktatur, med moglegheit for sang og kos innimellom.

PR ansvarleg lagar facebook events, lagar plakatar, heng opp og er ansvarleg for blesting generellt.

Arrangements ansvarleg bookar rom, handlar inn til arrangement, er ansvarleg for pynting og generell planleggjing av arrangementa.

Økonomi ansvarleg fører rekneskap og skal til ei kvar tid ha oversikt over midlar tilgjengelege, innkommande rekningar samt ha eit godt forhold til Oddfrid som ein må til tider gje svært mistenksame kvitteringar til.

Nestleiar er skrivar på møter og skal ha ansvaret for referat frå møter. Samt stille opp saman med/i staden for leiar på arrangement og møter utad.

Leiar skal delegere oppgåver, samhandle med institutt, andre utvalg. Leiar har det generelle ansvaret for BFU og er BFU sitt ansikt utad.

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *