FRIVILLIGE TIL Å ARRANGERE BIOLOGISK KARRIEREDAG 2013

Det trengst frivillige til å arrangere Biologisk karrieredag 2013. Oppgåvene vil vere å skaffe midlar, bestemme dato for dagen, kjøpe inn t-skjorter, plakatar, booke areal til arrangementet, planlegge korleis dagen skal vere, ha kontakt med administrasjonen og karrieresenteret, passe på at gruppa som skal kontakte bedriftene gjer det innan ein rimeleg tid osb… Dei frivillige må ha innsatsvilje og kontroll.
Det er viktig for studentane og bedriftene at karrieredagen blir arrangert. Det er ein fin dag for studentane å finne ut kva veg dei vil velje innanfor dei mange karrieremoglegheita som er der ute. Det er moglegheit til å finne seg ein sommarjobb, eller for dei som er heldige ein fast jobb. Karrierdagen vil og vise dei forskjellege arbeidsgivarane om kva slags framtidige arbeidstakarar det er å vente seg.

Det vil vere eit info/planleggingsmøte seinare i veka. Tid og sted vil komme. Høyres dette ut som noko du vil engasjere deg i eller du berre har spørsmål kan du sende ein mail til: shu003@student.uib.no

Sjølv fekk eg ein god erfaring frå å vere med å arrangere karrierdagen, god kontakt med instituttet, karrieresenteret og dei forskjellege bedriftane og ein flott attest som er ein diamant på CV’en min. Eg håpar å høyre frå akkurat deg!

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *