Generalforsamling onsdag 01.02.12

Generalforsamling for Biologisk Fagutvalg

No har semesteret starta og det er påtide med generalforsamling i BFU. Agendaen for møtet er:
• info om økonomisk situasjon,
• korleis DU synst førre semesteret har gått
• innslag til dette semesteret
• val av nytt styre.

Alle stillingane til styret er open for val.

Ledar: Hovudansvar for BFU og kontakt med instituttet. Må ha vært med i BFU minst eit år

Nestledar: Ledarens høgre hand. (Sekretær)

PR-sjef: BFU’s ansikt utad. Lage plakatar, promotere på forelesningar, sende ut mail ved arrangement, generelt sørge for oppmerksomhet og blest.

Økonomiansvarlig: Pengedoktor. Holde BFUs regnskap i orden. Hente inn økonomisk støtte frå instituttet. Oppteljing av kassabeholdning før og etter fest.

Festsjef/Arrangementsansvarlig: Innkjøp av festartiklar og drikkevarer. Ansvar for pynting og reservasjon av lokalar og liknande.

For at styret skal funke må alle som stiller til val vera innstilt på å gjere eit ekstra tiltak og stå på når det trengst. Tenk på om du har lyst til å stille til val og forbered ein god tale slik at DU vinn valet viss du skulle få konkurrentar. Frykt ikkje, opplæring vil bli gitt, så ver ikkje redd for å stille til val. Som styremedlem vil du få vere med på å bestemme kva BFU skal gjere dette semesteret. Du får tilgang til Høgteknologisenteret etter skuletid. Er du heldig inviterer ledaren på styremiddag. Eg oppfordre dei nye til å stille til val, slik at det blir litt fersk blod med i styret.

Styrevalet blir sett til onsdag 01.02.12 kl 16.15. Staden vil vere K1/K2. Viss det viser seg at det er mange som ikkje kan komme blir dagen byttet.

Styret vil deretter ha møte og planlegge semesteret med innspel frå dei andre medlemmene.

 

Send spørsmål til bfu@bio.uib.no

 

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *