Foreleserpris 2011

BFU gartulerer Geir Kåre Totland med prisen for beste bachelor foreleser 2011! Det var ein ære å få dele den ut til Totland, han er ein verdig vinner.

Bakgrunn for nominasjonen:

Totland er ein forelesar som sitter igjen hos oss alle. Han er ofte eit tema under lunsjen eller under andre samlingar. Studentane merka allereie ved første time at dette er ein forelesar som verkeleg vil undervise. Ikkje berre er han engasjert når han underviser, men han er flink til å lære i frå seg. Han får studentane til å delta i timane, som gjer at dei fleste blir veldig interessert i faget og som gir dei lysta til å forsette å lære meir innanfor dette fagområdet.
Totland er veldig interessert i å høyre om korleis det er å vere student i dag og han kan fortelje om korleis det er å vere student den gangen han var ung. Det viser seg at det ikkje er så store forskjellar, som gjer at han har ein forståing på at universitetslivet er hardt. Han veit godt at det å lese fagengelsk er ikkje berre berre, derfor har han laget eit kompendium på norsk der han har tatt det viktigaste frå boka med. Dette har han gjort for å forsikra seg at alle studentane verkeleg får med seg det som er pensum. Dette kompendiet har gitt studentane ei betre forståing for faget og mindre søvnlause netter. Studentane synst at jobben han har lagt i dette kompendiet viser at han bryr seg om dei og korleis dei presterer ved slutteksamen. Kontoret til Totland er alltid opent for at studentane kan komme å få hjelp med det dei skulle trenge hjelp med, eller berre slå av ein prat. Rett før eksamen avtalar han ein repetisjonstime der studentane kan komme med spørsmål om det dei ikkje har heilt fått taket på. Dette gjer han for å hjelpe studentane uansett om han er ferdig med undervisninga i første halvdel av semesteret og får ikkje betalt for timen.
I tillegg likar Totland å sprite opp timane sine med vitsar og funfacts som gjer at studentane gledar seg til neste time for å høyre kva anna sprell han sitter inne med.

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *