Generalforsamling onsdag 01.02.12

Generalforsamling for Biologisk Fagutvalg

No har semesteret starta og det er påtide med generalforsamling i BFU. Agendaen for møtet er:
• info om økonomisk situasjon,
• korleis DU synst førre semesteret har gått
• innslag til dette semesteret
• val av nytt styre.

Alle stillingane til styret er open for val.

Ledar: Hovudansvar for BFU og kontakt med instituttet. Må ha vært med i BFU minst eit år

Nestledar: Ledarens høgre hand. (Sekretær)

PR-sjef: BFU’s ansikt utad. Lage plakatar, promotere på forelesningar, sende ut mail ved arrangement, generelt sørge for oppmerksomhet og blest.

Økonomiansvarlig: Pengedoktor. Holde BFUs regnskap i orden. Hente inn økonomisk støtte frå instituttet. Oppteljing av kassabeholdning før og etter fest.

Festsjef/Arrangementsansvarlig: Innkjøp av festartiklar og drikkevarer. Ansvar for pynting og reservasjon av lokalar og liknande.

For at styret skal funke må alle som stiller til val vera innstilt på å gjere eit ekstra tiltak og stå på når det trengst. Tenk på om du har lyst til å stille til val og forbered ein god tale slik at DU vinn valet viss du skulle få konkurrentar. Frykt ikkje, opplæring vil bli gitt, så ver ikkje redd for å stille til val. Som styremedlem vil du få vere med på å bestemme kva BFU skal gjere dette semesteret. Du får tilgang til Høgteknologisenteret etter skuletid. Er du heldig inviterer ledaren på styremiddag. Eg oppfordre dei nye til å stille til val, slik at det blir litt fersk blod med i styret.

Styrevalet blir sett til onsdag 01.02.12 kl 16.15. Staden vil vere K1/K2. Viss det viser seg at det er mange som ikkje kan komme blir dagen byttet.

Styret vil deretter ha møte og planlegge semesteret med innspel frå dei andre medlemmene.

 

Send spørsmål til bfu@bio.uib.no

 



 Foreleserpris 2011

BFU gartulerer Geir Kåre Totland med prisen for beste bachelor foreleser 2011! Det var ein ære å få dele den ut til Totland, han er ein verdig vinner.

Bakgrunn for nominasjonen:

Totland er ein forelesar som sitter igjen hos oss alle. Han er ofte eit tema under lunsjen eller under andre samlingar. Studentane merka allereie ved første time at dette er ein forelesar som verkeleg vil undervise. Ikkje berre er han engasjert når han underviser, men han er flink til å lære i frå seg. Han får studentane til å delta i timane, som gjer at dei fleste blir veldig interessert i faget og som gir dei lysta til å forsette å lære meir innanfor dette fagområdet.
Totland er veldig interessert i å høyre om korleis det er å vere student i dag og han kan fortelje om korleis det er å vere student den gangen han var ung. Det viser seg at det ikkje er så store forskjellar, som gjer at han har ein forståing på at universitetslivet er hardt. Han veit godt at det å lese fagengelsk er ikkje berre berre, derfor har han laget eit kompendium på norsk der han har tatt det viktigaste frå boka med. Dette har han gjort for å forsikra seg at alle studentane verkeleg får med seg det som er pensum. Dette kompendiet har gitt studentane ei betre forståing for faget og mindre søvnlause netter. Studentane synst at jobben han har lagt i dette kompendiet viser at han bryr seg om dei og korleis dei presterer ved slutteksamen. Kontoret til Totland er alltid opent for at studentane kan komme å få hjelp med det dei skulle trenge hjelp med, eller berre slå av ein prat. Rett før eksamen avtalar han ein repetisjonstime der studentane kan komme med spørsmål om det dei ikkje har heilt fått taket på. Dette gjer han for å hjelpe studentane uansett om han er ferdig med undervisninga i første halvdel av semesteret og får ikkje betalt for timen.
I tillegg likar Totland å sprite opp timane sine med vitsar og funfacts som gjer at studentane gledar seg til neste time for å høyre kva anna sprell han sitter inne med.



 Halloween

BFU inviterer til Halloweenfest laurdag 29.oktober kl 20.00. K1/K2 er plassen der du kanskje tisser litt i buksa av redsel. Det vil vere salg av skumle bjørner, myglet epler, punsj og gele av den sterke sorten og popcorn til å svelge alt ned, men ikkje sett den i halsen når nokon kommer snikenes bak deg. Det vil bli ein fjong premie for beste kostyme og gruppe kostyme.



 Biologien er der -enten du vil eller ikkje

Semesteret er godt i gang og det er på tide at Biologisk Fagutvalg inviterar til ein kveld med biologiske undertonar. Masterstudenten Pia Ve Dahlen vil snakke om sin tur til Svalbard og Ass. Professor Andreas Steigen vil ha eit fordrag der han tar opp eit biologisk perspektiv på kommunevalet og kvifor biologisk kunnskap og ferdighetar gjer oss lykkelegare.

 

Håper å sjå akkurat DEG der!



 ALLMØTE FOR BIOLOGISK FAGUTVALG!


No er sommaren endt og eit nytt semester er byrja. Det vil da vere allmøte for BFU for alle biologar i eit gruppe rom i underetasjen i Realfagsbygget.

Her vil det bli tatt opp kven me er og kva me driv med. Haustsem

esterplanen vil og bli tatt opp.

Det er eit uforplikta møte, men det vil vere eit slags rekrutterings møte for dei av dåke som vil bli medlem.

Håpar å sjå akkurat DEG der!!


 



 Generalforsamling; en oppsummering!

Generalforsamlingen til BFU ble holdt torsdag 12. mai kl 1600 i grupperommet under kantina på Realfagsbygget.
Følgende saker ble behandlet:

- Vedtak av statutter: Statuttene ble enstemmig vedtatt.
- Info om økonomisk situasjon
- Hvordan semesteret har gått, og hvordan vi skal forbedre oss til neste år
- Valg av nytt styre: Følgende ble valgt inn i styret for H2011:

Leder: Shona Mhari Hugøy
Nestleder: Jeanette Gramstad
Økonomiansvarlig: Ole Petter Nordbø
PR-ansvarlig: Tara Helén Dowling
Arrangementsansvarlig: Maria Åkre (med Kristoffer Nordbø som medhjelper).

Vi ønsker det nye styret lykke til i semesteret som kommer!



 Tjelden på taket er tilbake!

Tjelden er tilbake; se mer her: http://tjeld.uib.no/



 Generalforsamling

Styret kaller inn til Generalforsamling i BFU torsdag 13. mai 2011 kl 1600 i et grupperom i u.etg på Realfagsbygget.

No nærmar det seg semester slutt og det er påtide med generalforsamling i BFU. Agendaen for møtet er:

* vedtak av statuttar,
* info om økonomisk situasjon,
* korleis DU synst semesteret har gått
* val av nytt styre.

Alle stillingane til styret er open for val.
Ledar: Hovudansvar for BFU og kontakt med instituttet. Må ha vært med i BFU minst eit år
Nestledar: Ledarens høgre hand. (Sekretær)
PR-sjef: BFU’s ansikt utad. Lage plakatar, promotere på forelesningar, sende ut mail ved arrangement, generelt sørge for oppmerksomhet og blest.
Økonomiansvarlig: Pengedoktor. Holde BFUs regnskap i orden. Hente inn økonomisk støtte frå instituttet. Oppteljing av kassabeholdning før og etter fest.
Festsjef/Arrangementsansvarlig: Innkjøp av festartiklar og drikkevarer. Ansvar for pynting og reservasjon av lokalar og liknande.

For at styret skal funke må alle som stiller til val vera innstilt på å gjere eit ekstra tiltak og stå på når det trengst. Tenk på om du har lyst til å stille til val og forbered ein god tale slik at DU vin valet viss du skulle få konkurrentar.

Eventuelle spørsmål kan rettes via kontaktskjema.



 Påske!

Påsken har endelig ankommet, undervisningsfri og potensiell distansering av eksamensnerver!
Flere av oss tenker oss vel en tur hjemover og er klare for påskemarsipan og potensiell kos i vårsola! Været ser iallefall lyst ut, og vi håper dere kan nyte mesteparten av det uten at tankene på evolusjon, økologi eller artspugging kommer sterkt innpå.

God påske!



 Masterdagen 2011